Pesaḥ sjení (hebr. פסח שני, 'andre pesah') er ei mindre jødisk høgtid som blir feira den 14. ijjár etter den jødiske kalenderen.

Dagen blei opphavleg innført av Moses som eit nytt høve for jødar til å observera pesah-offeret. Folk rekna som ureine eller som var hindra på annan måte frå å dra til ofringsstaden den 14. nisán, under pesah, kunne gjera det ein månad seinare.

Sidan øydelegginga av Tempelet i Jerusalem har ingen jødar vore rituelt reine nok til å utføra dyreofringar. Ein feirar derfor både pesah og pesah sjeni utan offer, men pleier eta eit stykke massá. Fordi dagen er ein feiringsdag vil ein i mange samfunn ikkje seia angrebøner som taḥanun.

Innan hasidisk tenking blir pesah sjeni gjerne sett på som ein dag med nye sjansar, slik pesah sjeni var ein ny sjanse til å observera pesah.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre