Pesten i London 1665

Pesten i London 1665, på engelsk kjend som The Great Plague («Den store pesten») var ein brutal epidemi som i 1665 drap rundt 75 000–100 000 menneske i London, det vil seie omkring ein femtedel av folketalet.

Oversikt over gravferder etter pesten i London 1665.

Det blir rekna at pesten var ei form for byllepest som kom frå pestbakterien Yersinia pestis, og at den blei spreidd av rotter. Det er også nemnt symptom på septisk pest og lungepest, som begge er variantar av byllepest. Sjølv om omfanget var langt mindre enn Svartedauen blir den i Storbritannia huska som «Den store pesten» fordi den var det siste store utbrotet av pest i Europa.

Utbrotet endre

Det blir rekna at pesten kom til London med nederlandske skip som frakta bomull frå Amsterdam. Sjukdommen hadde funnest i Nederland sidan 1654, utan å ha utvikla seg til ein epidemi. I hamneområda i London, kor arbeidarane var stua saman under svært uhygieniske forhold, låg forholda til rette for at den skulle begynne å spreie seg. Ein av dei første stadene den braut ut var i soknet St. Giles-in-the-Fields, kor det blei rapportert om fleire dødsfall vinteren 1654/55. Dette var ein kald vinter, noko som kan ha hjelpt til å avgrense utbrotet. Våren og sommaren som følgde var uvanleg varme, og pesten byrja å spreie seg hurtig. Det vart ikkje ført oversikt over dødsfall blant dei aller fattigaste, så det første namngjevne dødsofferet kom først 12. april 1665, da Margaret Porteus bukka under. Innan juli 1665 hadde pesten kome til City of London. Kong Karl II og familien og hoffet hans flykta til Oxford, mens overborgarmeisteren og aldermennene blei i byen. Mange handelsmenn og handverkarar flykta frå byen, og ei stor mengd butikkar og verkstader vart difor stengde. Etter kvart som pesten herja stadig kraftigare utover sommaren kom stadig fleire overlevande seg ut av byen, og få andre enn geistlege, legar og apotekarar vart att. Pestlækjarar gjekk gjennom gatene og såg til dei ramma, mange av dei var ikkje utdanna som lækjarar, men gjorde det beste dei kunne.

  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.