Pete Quaife
Pete Quaife eller Peter Alexander Greenlaw Quaife (fødd 31. desember 1943 i Tavistock i Devon i England, død 23. juni 2010) var ein engelsk musikar, kunstnar og forfattar. Han var med å starte det engelske rockebandet The Kinks, der han spelte bass frå 1963 til 1969.
Pete Quaife | |||
| |||
Fødd | 31. desember 1943 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Tavistock | ||
Død | 23. juni 2010 (66 år) | ||
Dødsstad | København | ||
Opphav | Tavistock i Devon i England | ||
Aktiv | 1963–1971 | ||
Sjanger | Rock | ||
Instrument | Bass | ||
Tilknytte artistar | The Kinks, Mapleoak | ||
Plateselskap | Pye Records | ||
Verka som | Musikar |
Etter The Kinks var han med nokre år i bandet Mapleoak. Han flytta til Danmark på 1970-talet og vidare til Canada på 1980-talet. Han flytta attende til Danmark i 2005.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Pete Quaife» frå Wikipedia på engelsk, den 20. juni 2013.