Peter Šťastný (fødd 18. september 1956) er ein slovakisk tidlegare ishockeyspelar og politikar frå Bratislava. Han var verdsmeister i ishockey i 1976 og 1977 med Tsjekkoslovakia. Perioden 2004-14 var han medlem i europaparlamentet.

Peter Šťastný


Statsborgarskap Slovakia
Fødd 18. september 1956 (67 år)
Bratislava
Idrett ishockey
Tok del i

Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1980

Utmerkingar

Rad Ľudovíta Štúra I. triedy, Årets slovakiske hockeyspiller, Calder Memorial Trophy, Quebec Sports Hall of Fame, Hockey Hall of Fame, Q122213892

Idrett endre

Šťastný spelte 1975-80 på Slovan Bratislava, der han i 1979 vart tsjekkoslovakisk meister, einaste pokalen han vann som klubbspelar. Frå 1980 var han aktiv i National Hockey League i Nord-Amerika, fyrst med Quebec Nordiques til 1989, deretter 1990-93 i New Jersey Devils. Han avslutta 1993-95 med St. Louis Blues.

Šťastný vann VM-gull med Tsjekkoslovakia sitt landslag i ishockey i 1976 og i 1977. Sidan deltok han i VM 1978 og 1979 og i Vinter-OL 1980 i Lake Placid. Under Vinter-OL 1994Lillehammer representerte han Slovakia, og året etter var han med det slovakiske landslaget som vann B-VM i ishockey.

Politikk endre

I 2004 vart Šťastný vald til å representere Slovakia og kristelegdemokratane (SDKU) ved europaparlamentet, attvald i 2009.

Kjelder endre