Peter Daniel Hofflund
norsk arkitekt
Peter Daniel Hofflund (1897–1967) var ein norsk arkitekt. Han er særleg kjend for Trondheim kunstforening, eit oppdrag han fekk etter ei arkitektkonkurranse. Bygget blei reist i 1930 og fekk Houens fonds diplom året etter.
Peter Daniel Hofflund | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 18. september 1897 Trondheim |
Død |
8. februar 1967 (69 år) |
Yrke | arkitekt |
Far | Alf Hofflund |
Peter Daniel Hofflund på Commons |
Hofflund fekk òg den same utmerkinga for Telegrafbygninga i Trondheim i 1948.
I åra 1945–47 og 1951–67 var han byarkitekt i Oslo. I samarbeid med Bjarne Hvoslef stod han for ei indre restaurering av Trefoldighetskyrkja i Oslo. Dei samarbeidde òg om inventaret til Sagene kyrkje.
Kjelder
endre- Peter Daniel Hofflund frå Store norske leksikon
- Arne Gunnarsjaa: Arkitekturleksikon, Abstrakt forlag 1999, ISBN: 82-7935-007-1, side 342