Peter Gordon
Peter Gordon (fødd 20. juni 1951) er ein amerikansk eksperimentell komponist og musikar, viss musikk har så ulike innverknader som jazz, opera, rock og verdsmusikk. Han har gitt ut fleire album, og har òg komponert film- og teatermusikk.
Peter Gordon | |||
Gordon i 2012 Pop Conference i NYU | |||
Fødd | 20. juni 1951 (73 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | New York City, USA | ||
Fødenamn | Peter Laurence Gordon | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | Sidan 1970-åra | ||
Instrument | klarinett, saksofon | ||
Verka som | Komponist, produsent, orkestrator | ||
Prisar | Bessie Award, Obie Award |
Gordon tok ein BA i komposisjon ved University of California i San Diego, der han studerte med Kenneth Gaburo og Roger Reynolds. Han tok ein MFA ved Mills College Center for Contemporary Music, der han studerte med Robert Ashley og Terry Riley.
I tillegg til sitt eige arbeid, og det med sitt Love of Life Orchestra, har han medverka på eller komponert musikk til album av Laurie Anderson, Suzanne Vega, David Johansen, Elliott Murphy, The Flying Lizards, David Van Tieghem, Lawrence Weiner og Arthur Russell.
I 2007 brukte James Murphy og Pat Mahoney frå LCD Soundsystem Gordon sine klassiske Downtown-låtar «Beginning of the Heartbreak» og «Don't Don't» til å opna og avslutta sin svært anerkjende dansemiks FabricLive.36.
I 2008 vart eit utdrag av operaen hans (med artisten Lawrence Weiner) «The Society Architect Ponders the Golden Gate Bridge» gitt ut på samlealbumet Crosstalk: American Speech Music (Bridge Records) produsert av Mendi + Keith Obadike. Gordon skreiv musikken til det serielle mysteriedramaet The Necklace, presentert av The Talking Band. Han jobba òg med musikken til Desperate Housewives.
I 2010 gav DFA Records ut remiksar av Gordon av «Beginning of the Heartbreak/Don't Don't» og «That Hat», skrive saman med Arthur Russell.
Peter Gordon er for tida busett i New York City, og er professor i musikkteknologi ved Bloomfield College.
Diskografi
endre- Eighteen (Foom, 2018)
- Trust In Rock (med «Blue» Gene Tyranny, Unseen Worlds, 2019)
- Same Language, Different Worlds (med Tim Burgess, O Genesis, 2016)
- Symphony 5 (Foom, 2015)
- The Yellow Box (med David Cunningham, Piano, 1996)
- Quartet (New Tone Records, 1995)
- Still Life and the Deadman (med The Balanescu String Quartet, Newtone, 1994)
- Geneva and Extended Niceties, med The Love of Life Orchestra (Newtone, 1992)
- Perfect Lives (med Robert Ashley et al., Lovely Music, 1991)
- Leningrad Xpress (Newtone, 1990)
- Brooklyn (CBS Masterworks, 1987)
- Otello (ROIR, 1987)
- Innocent (CBS Masterworks, 1986)
- Secret Pastures (Artservices, 1984)
- Westmusik, med Thomas Fehlmann (Zickzack Records, 1983)
- Deutsche Angst, med Lawrence Weiner (Les Disques du Crépuscule, 1982)
- Star Jaws (Lovely Music, 1978)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Peter Gordon (composer)» frå Wikipedia på engelsk, den 7. april 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: