Peter Grünberg
Peter Grünberg (18. mai 1939–april 2018)[1] var ein tysk fysikar. Han fekk Nobelprisen i fysikk for 2007 saman med Albert Fert for arbeidet sitt med nanoteknologi. Grünberg oppdaga i 1988 GMR-effekten, som på 1990-talet drastisk auka lagringskapasiteten på harddiskaar. Alle moderne datamaskinar bygger på denne teknologien.
Peter Grünberg | |||
| |||
Fødd | 18. mai 1939 (85 år) Pilsen i Böhmen-Mähren | ||
---|---|---|---|
Død | 7. april 2018 Jülich | ||
Nasjonalitet | Tyskland | ||
Område | fysikk, Nobelprisen | ||
Yrke | fysikar, universitetslærar, lærar, forskar | ||
Institusjonar | Universität zu Köln Carleton University Forschungszentrum Jülich Gwangju Institute of Science and Technology | ||
Alma mater | Darmstadt University of Technology | ||
Doktorgradsrettleiar | Stefan Hüfner | ||
Kjend for | Kjempemagnetoresistans | ||
Medlem | Nordrhein-Westfalens akademi for vitenskap og kunst Sudetendeutsche Akademie der Wissenschaften und Künste | ||
Religion | Katolsk |
Grünberg studerte i Frankfurt og Darmstadt, der han tok doktorgraden i 1969 under Stefan Hüfner. Han var tre år ved Carleton-universitetet i Canada. Frå 1972 arbeidde han ved Forschungszentrum Jülich. I 1984 vart han Privatdozent og i 1992 professor ved universitetet i Köln. Han gjekk av med pensjon i 2004, og var sidan gjesteforskar ved Forschungszentrum Jülich.
I 1998 fekk Grünberg presidanten sin framtidspris for arbeidet sitt med GRM-effekten, og i 2006 vart han utnemnd til «årets europeiske oppfinnar» i kategorien universitet og forsking av Europakommisjonen. I 2007 fekk han Deutsche Physikalische Gesellschafts Stern-Gerlach-medalje og seinare same år Wolfprisen. 19. april 2007 fekk han Japan-prisen saman med Albert Fert; prisutdelinga skjedde i nærvær av det japanske keiserparet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Peter Grünberg» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- Kungliga vetenskapsakademiets pressemelding om Nobelprisen i fysikk 2007
- Grünbergs hemsida på Forschungszentrum Jülich
- ↑ «Tysk Nobelpristagare död». Corren.se. 9. april 2018.