Peterborough United

Peterborough United Football Club er ein engelsk profesjonell fotballklubb. I 2010/11-sesongen skal dei spela i League One, det tredje høgste nivået i engelsk fotball, etter å ha tapt og rykt ned frå Football League Championship etter éin sesong der i 2009/10-sesongen. Før det hadde klubben rykt opp to divisjonar på to sesongar i 2008 og 2009. Klubben blei stifta i 1934, og blei vald inn i The Football League i 1960, då dei erstatta Gateshead FC. Klubben har kallenamnet «The Posh», og spelar heimekampane sine på ABAX Stadium (tidlegare London Road Stadium) i Peterborough. Manageren sidan 2007 er Darren Ferguson, som er son av Manchester United sin kjende manager Alex Ferguson.

Peterborough United
Fullt namn Peterborough United
Kallenamn The Posh
Grunnlagd 1934
Heimebane London Road,
Peterborough
(Kapasitet: 15 460)
Styreleiar Darragh MacAnthony
Hovudtrenar Gary Johnson
Liga League 1
2018/19 7. plass
Nettstad www.theposh.com
Heimedrakt
Bortedrakt

Historie endre

Peterborough United blei stifta i 1934 for å erstatta klubben Peterborough and Fletton United, som vart lagt ned to år tidlegare. Klubben spelte i den gamle ligaen Midland League. Dei vann denne ligaen seks gonger, m.a. fem år på rad frå 1956 til 1960. Dette førte til slutt til at dei vart vald inn i 4. divisjon i Fotballigaen før 1960/61-sesongen.

Dei vann 4. divisjon i den første sesongen sin der, m.a. ved hjelp av Terry Bly, som vert rekna som Peterborough sin største spelar gjennom tidene. Han skåra 52 mål i 4. divisjon i 1960/61-sesongen, noko som er klubbrekord for mål på ein sesong. Klubben spelte sju sesongar i 3. divisjon, til dei vart sett ned i 4. divisjon grunna ulovlege bonusbetalingar til spelarane, før 1968/69-sesongen.

Med unntak av fem sesongar frå 1974-79 spelte klubben no i 4. divisjon heilt fram til 1991. Den mest kjende spelaren frå denne perioden er målvakta David Seaman, som starta proff-karrieren sin med to sesongar i Peterborough frå 1982 til 1984.

Under manageren Chris Turner klarde klubben i 1991 å rykkja opp til 3. divisjon ved å koma på 4. plass i 1990/91-sesongen. Året etter - 1991/92-sesongen - rykte dei opp igjen, etter å ha kome på 6. plass i 3. divisjon og vunne playoff-finalen på Wembley mot Stockport County. I 1991/92-sesongen kom dei dessutan til kvartfinalen i Ligacupen, etter å ha slått ut Wimbledon, Newcastle og Liverpool.

Frå 1992 til 1994 spelte klubben sine to hittil einaste sesongar på 2. nivå i engelsk fotball. Grunna reorganisering av ligasystemet, skifta den gamle 2. divisjon namn til 1. divisjon den sesongen då Peterborough rykte opp. Dermed er Peterborough den einaste klubben som, på papiret, har rykt opp frå 4. divisjon til 1. divisjon på to sesongar. 1992/93-sesongen enda med 10. plass i 1. divisjon, klubben sitt høgste ligaresultat nokon gong, men sesongen etter rykte dei ned att til 3. nivå (2. divisjon).

I 1996 vart Barry Fry manager og styreformann i klubben. Dette vart starten på ti turbulente år, med varierande sportslege resultat og til dels dårlege forhold mellom manageren og mange av supporterane. I Fry sin første sesong, 1996/97, rykte klubben ned til 4. nivå (3. divisjon). Der var dei i tre sesongar, før dei rykte opp att gjennom playoff i 1999/2000-sesongen. Etter fem sesongar på 3. nivå (som skifta namn til League 1 i 2004), rykte klubben igjen ned i 2005, og Barry Fry gjekk av som manager. Fry sin periode som manager var prega av ein ekstrem gjennomtrekk av kjøpte og selte spelarar, men samstundes utvikla klubben mange eigne talent. Fleire spelarar som kom frå Peterborough sitt ungdomsakademi på denne tida, har seinare spelt på høgare nivå, t.d. Simon Davies (Tottenham Hotspur, Fulham), Matthew Etherington (Tottenham Hotspur, Stoke City), Adam Drury (Norwich City) og Helgi Danielsson (Elfsborg i Allsvenskan i Sverige). Spelarar som Jimmy Bullard (Hull City) og Zat Knight (Fulham, Aston Villa, Bolton Wanderers) var òg innom Peterborough i Barry Fry si tid.

Klubben vart overteken av Darragh MacAnthony som formann og eigar i 2006. Etter fleire skifte av manager tok Darren Ferguson over i 2007, i sin første klubb som manager. MacAnthony gjorde investeringar i klubben, og i januar 2008 kjøpte dei sin hittil dyraste spelar, målvakten Joe Lewis frå Norwich City, for £ 400 000. Klubben klarde direkte opprykk i Ferguson sin første sesong, 2007/08-sesongen, og spelte dermed på 3. nivå (League One) i 2008/09. Her kom dei på andre plass, og rykte dermed rett opp på 2. nivå (Football League Championship), der dei spelte i 2009/10-sesongen. Championship-sesongen vart skuffande - klubben kom sist på tabellen og rykte rett ned att, og Ferguson fekk sparken som manager midt i sesongen. Dermed var The Posh attende i League One i 2010/11-sesongen. Etter fleire byte av manager i løpet av berre eitt år, fekk Darren Ferguson jobben sin attende i januar 2011. Under Ferguson spelte Peterborough svært målrike kampar, i 2010/11-sesongen var dei den klubben i dei fire øvste divisjonane som hadde flest mål i kampane sine samanlagt (skåra sjølv pluss slept inn) med ein målforskjell på 106-75 på 46 kampar. Dette heldt til fjerde plass på tabellen og nytt opprykk til nest høgste divisjon via playoff-kampane.

Merittar endre

  • Beste ligaresultat: Nr. 10 i 1. divisjon (2. nivå) i 1992/93.
  • Vinnar av 4. divisjon: 1960/61 og 1973/74.
  • Beste resultat i FA-cupen: 6. runde i 1965.
  • Beste resultat i Ligacupen: Semifinale i 1966.

Klubbrekordar endre

Kjende spelarar med fortid i Peterborough United endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre