Opna hovudmenyen

Alex Ferguson

britisk trenar og fotballspelar

Sir Alexander Chapman Ferguson (fødd 31. desember 1941) er ein skotsk fotballtrenar frå Glasgow, mest kjend som tidlegare manager for Manchester United. Han har vunne fleire trofe enn nokon anna manager i engelsk fotball si historie, og har leia Manchester United i over 1000 kamper. Han blei slegen til riddar i 1999 som første «framleis arbeidande» manager (OBE i 1983 og CBE i 1995).

Alex Ferguson

Alex Ferguson.jpg

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 31. desember 1941
Govan
Idrett fotball
Yrke fotballspelar, fotballtrenar, sjølvbiograf

8. mai 2013 vart det kunngjort at Ferguson skulle gje seg som fotballtrenar for Manchester United.