Peterson Island
Peterson Island er ei klipperik øy i Antarktis med to viker på nordsida, som ligg like vest for Browning Peninsula i sørlege delen av Windmill Islands. Ho vart først kartlagd frå flyfoto teken av US Navy Operasjon Highjump og Operasjon Windmill i 1947 og 1948. Ho vart namngjeven av US-ACAN etter løytnant Mendel L. Peterson i US Navy forsyningsoffiser ved Operasjon Windmill då det vart oppretta astronomiske kontrollstasjonar i området i januar 1948.
Peterson Island | |||
øy | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Øygruppe | Windmill Islands | ||
Del av | Windmill Islands | ||
Stad | Antarktis | ||
- koordinatar | 66°28′S 110°30′E / 66.467°S 110.500°E | ||
Lengd | 3 km | ||
Folketal | 0 | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Peterson Island 66°28′00″S 110°30′00″E / 66.466666666667°S 110.5°E | |||
Benlein Point
endreBenlein Point er det sørlegaste neset på øya. Det vart namngjeve av US-ACAN for bygningssnekkaren Franklin J. Benlein i US Navy ved Wilkes Station i 1958.
Mackemer Point
endreMackemer Point er nordvestlegaste neset på Peterson Island. Ho vart namngjeven av US-ACAN etter flymannskap Frederick W. Mackemer i US Navy ved Wilkes Station i 1958.
Knowles Passage
endreKnowles Passage ligg mellom Holl Island og Peterson Island. Det vart namngjeven av US-ACAN etter løytnant Lloyd C. Knowles i US Navy ingeniøroffiser på USS «Burton Island», som deltok i kartlegginga av området i januar 1948.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Peterson Island» frå Wikipedia på engelsk, den 15. november 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: