Petra Lie (11. april 184820. november 1907) var ein norsk tannlege og filantrop. Då ho avla tannlegeeksamen i 1872, blei ho den fyrste kvinnelege tannlegen i Noreg.

Petra Lie
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. april 1848
Vardal kommune
Død

20. november 1907 (59 år)
Oslo

Yrke tannlege

Liv og virke

endre

Petra Lie studerte frå 1870 under tannlege Carstens i København, og fekk parallelt kveldsundervising hos professor Walløe. Etter halvanna års studium reiste ho vidare til den amerikanske doktor Salomon i Berlin for å lære gullplombering, som var nyaste mote innanfor tannbehandling.

Lie avla tannlegeeksamen med toppkarakter i Noreg 2. desember 1872, og blei dimed den fyrste kvinnelige tannlegen i landet. Etter avlagd eksamen studerte ho i ni månadar hos dr. med. Bruck i Breslau. I Tyskland blei ho kjend med bormaskinen, som ho tok med seg til Noreg i 1873. Ho har fått æra for å ha innført denne oppfinninga til landet, og blir sett på som ei føregangskvinne innan faget.

Lie etablerte si verksemd som tannlege i Kristiania, der ho dreiv ein blomstrande praksis. Mot slutten av livet måtte ho leggje ned praksisen på grunn av sjukdom. Dei siste åra budde ho på Bjartheim ved Diakonissehuset.[1]

I 1897 og 1907 drog ho på studiereiser i utlandet.

Ved sida av virket som tannlege engasjerte Lie seg i humanitært arbeid. Ho tok initiativet til opprettinga av «Gamlehjemmet» i Pilestredet (Cathinka Guldbergs Gamlehjem), og engasjerte seg i opprettinga av barneheimen til Cathinka Guldberg. I 1894 var ho medstiftar av Norsk kvindeforening til dyrenes beskyttelse.[2] Ho gav også tannlegebistand til Guttehjemmet i Geitmyrsveien, utan godtgjering.[3]

Petra Lie blei 25. november 1907 gravlagd på Diakonissehusets gravplass på Nordre gravlund under stor deltaking.[1] Fleire institusjonar og foreininger la ned kransar, blant anna Norske kvinders nationalraad, der Lie var medlem.[4]

Familie

endre

Petra Lie var dotter av landhandlaren Peder Lie og Sofie Janette Sørensen. Ho vart verande ugift.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Jahnsen, Aug. B. (1919). Kvindelig Diakoni i Norges Kirke gjennem femti Aar. [s.n.] s. 187 ff. 
  2. Flood, Imm. (1902). Dyrenes liv, dyrebeskyttelsen. s. 17–18. 
  3. Heier, Johan (1998). Guttehjemmet. Oslo guttehjems sosialfond. s. 8. ISBN 8299470404. 
  4. Petra Lie. Tidsskriftet Nylænde. 1. desember 1907. s. 363 ff. «En af vore mest fremragende kvindelige banebrydere, tandlæge Petra Lie, er afgaat ved døden.» 

Bakgrunnsstoff

endre