Cathinka Guldberg
Cathinka Augusta Guldberg (3. januar 1840–22. oktober 1919) var ein norsk diakonisse og grunnleggjar av sjukepleieutdanninga i Noreg.[1]
Cathinka Guldberg | |
Cathinka Guldberg fotografert omkring 1915. | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 3. januar 1840 Oslo |
Død |
22. oktober 1919 (79 år) |
Yrke | sjukepleiar |
Religion | kristendom |
Far | Carl August Guldberg |
Cathinka Guldberg på Commons |
Liv og virke
endreBakgrunn
endreGuldberg vaks opp i Christiania og på Nannestad, som dotter av bokhandlaren og den seinare soknepresten Carl August Guldberg. Som eldste dotter tok ho frå 15-årsalderen ansvar i heimen då mora døydde. 24 år gammal flytta ho heimefrå, og i 1866 reiste ho til diakonisseanstalten Kaiserswerth i Tyskland, den same staden der Florence Nightingale tidlegare hadde vore elev. I utdanningstida gjorde ho teneste ved feltlasarett i Dresden og Berlin under den austerriksk-prøyssiske krigen, og ved feltsjukehus i Alexandria. Mens ho enno var i Tyskland, blei ho beden om å tiltre som forstandarinne og grunnleggjar av ei diakonisseutdanning i Noreg.
Sjukepleieinnsats i Noreg
endreNorsk sjukepleiarutdanning byrja 20. november 1868 med Guldberg og ein elev. Diakonisseanstalten heldt fyrst til i lokale i kommunegarden på Grønland i Oslo, seinare i Ullevålsveien, og frå 1887 på eigen eigedom på Lovisenberg, der verksemda framleis ligg.
Diakonisseanstalten, seinare Diakonissehuset, var i 22 år den einaste sjukepleiarutdanninga i landet. Guldberg leia verksemda i 51 år, og var framleis aktiv som forstandarinne då ho døydde 79 år gammal. Verksemda hennar hadde tyding som utvikling av ein helseprofesjon, som ein kyrkjeleg teneste, og som ei sjølvbevisst profesjonsutdanning for kvinner.
Guldberg blei, som fyrste kvinne, riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1915. Ho er måla av Emmanuel Vigeland i 1918, og ein statue av henne utført av Nic Schiøll blei avduka i 1966. Ho blei avbilda på frimerke i 1968 ved 100-årsjubileet til Diakonissehuset.
Familie og gravstad
endreGuldberg var dotter av presten Carl Guldberg, syster til blant andre fysikaren Cato Guldberg og medisinprofessoren Gustav Adolph Guldberg, og (gjennom systera si) svigerinne av fysikaren Peter Waage.
Cathinka Guldberg er gravlagd i Diakonissenes gravsted på Nordre gravlund i Oslo.
Litteratur
endre- Andersen, Alf G og Hans-Erik Hansen. 500 som preget Norge, norske kvinner og menn i det 20. århundre. Millennium, 1999
- Ebbell, Clara Thue. Cathinka Guldberg, banebryter, den norske diakonisses mor. Lutherstiftelsen, 1940
Kjelder
endre- ↑ Hellgren, Guro. «Cathinka Guldberg». I: Norsk biografisk leksikon, bd 3. 2001
- Denne artikkelen bygger på «Cathinka Guldberg» frå Wikipedia på bokmål, den 27. mars 2023.