Petra Vogt, gift Kandarr, (20. august 195012. mars 2017) var ein tysk friidrettsutøvar frå Halle an der Saale som tevla for Aust-Tyskland. Ho vart trifaldig europameister under EM i friidrett 1969 i Aten.

Petra Vogt
Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 20. august 1950
Halle (Saale)
Død

12. mars 2017 (66 år)
Karlsruhe

Idrett friidrett
Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstorden i sølv, Sportsman of the year

Aktiv endre

Vogt var akkurat fylt 19 år då ho under friidretts-EM i Aten i 1969 vann både 100 meter, 200 meter og 4x100 m stafett. På 200 m slo ho landsmannen Renate Meißner på sølvplass med tre hundredals sekund, og bronsevinnaren med fire hundredels sekund. Stafettgullet vann ho saman med Bärbel Podeswa, Renate Meißner og Regina Höfer.

Under europameisterskapen i 1971 i Helsingfors kom ho på sjuandeplass på 100 m og fekk ein sølvmedalje på 4x100 meter stafett. Tre år seinare vart ho nummer åtte på 200 m i EM i friidrett 1974 i Roma.

Kjelder endre