Petrea Buchholm

norsk forfattar

Petrea Magdalene Buchholm (17861870) var ein norsk forfattar.

Petrea Buchholm
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1786
Flekkefjord kommune
Død

1870 (84 år)
Kragerø

Yrke skribent
Mor Magdalene Sophie Buchholm

Familie

endre

Petrea Buchholm var dotter av lyrikaren Magdalene Sophie Buchholm (1758-1825) og tollinspektør Joachim Frederik Buchholm (ca. 1762–1834). Ho var halsyster av legen og døvelæraren Peter Atke Castberg (1779–1823).

Liv og virke

endre

Petrea Buchholm vaks opp i Flekkefjord og Stavanger, og kom til Kragerø då faren vart tollinspektør der i 1806. Ho oppheldt seg òg fleire periodar i København. Ho var tilhengar av den kyniske skulen innanfor filosofien, og freista å oppretta ein eigen jenteskule i Kragerø.[1]

I København gav ho i 1817 ut den vesle barneboka En Faders Vandring med sine Børn fra Kiøbenhavn til Brede. I 1822 gav ho ut ei bok med Smaae Fortællinger af forskjellige Forfattare. På tittelbladet av boka er det oppgjeve at forteljingane er «udgivne af en Dame». Det er uvisst om dette er forteljingar ho har omsett, eller om ho berre var redaktør.

  • 1817: En Faders Vandring med sine Børn fra Kiøbenhavn til Brede, København
  • 1822: Smaae Fortællinger af forskjellige Forfattere, Christiania

Kjelder

endre
  1. «Stabbestad : Kragerø-slekten Heuchs lystgård». Henta 12. november 2021. 

Bakgrunnsstoff

endre