Magdalene Sophie Buchholm

norsk skribent og poet

Magdalene Sophie Buchholm (15. mars 175812. august 1825) var ein norsk forfattar. Buchholm var lyrikar og den einaste norske kvinna som vart anerkjend som forfattar på slutten av 1700-talet.[1] Ho vart i si tid hylla som «Nordens Sappho».[2]

Magdalene Sophie Buchholm
Andreas Flint - Magdalene Sophie Bucholm - Norsk portrettarkiv, Rksantikvaren - B000785.jpg
Fødd 15. mars 1758
Skien
Død

12. august 1825 (67 år)
Kragerø

Yrke lyrikar, skribent
Born Peter Atke Castberg, Petrea Buchholm

FamilieEndra

Magdalene Sophie Buchholm var dotter av justisråd, seinare bergamtsforvalter Mogens Bentsen (1715–70) og Sophie Hellesdatter/Heltzen (1720–98). Ho vart gift med skipsprest, seinare sokneprest Peter Leganger Castberg (1752–1784) 12. september 1777. Som enke vart ho gift opp att 31. oktober 1785 med kjøpmann i Flekkefjord, seinare tollinspektør Joachim Frederik Buchholm (ca. 1762–1834). Ho var mor til lege og døvelæraren Peter Atke Castberg (1779–1823) og forfattaren Petrea Buchholm (1786-1870).

Liv og virkeEndra

Buchholm verka frå 1770-åra i København, der ho var med i Norske Selskab.[3] Dikta hennar vart gjevne ut i skriftene til Norske Selskab og i ulike tidsskrift. I 1793 gav ho ut diktsamlinga Poesier (gjenutgitt i utvida utgåve i 1806).[4] I 1783 fekk ho Det Norske Selskabs heiderspris, ringen med den grønne sten, etter publiseringa av «heroiden» (eit oppdikta brev frå ei heltinne til sin elska) Adeluds til Torkild Trondesen.

Ragna Nielsen har eit kapittel om Magdalene Buchholm i si bok Norske kvinder i det 19de Aarhundrede. 1 (1904).

UtgjevingarEndra

  • Adeluds til Torkild Trondesen, i Poetiske Samlingar, hf. 2, utg. av Det Norske Selskab, København 1783
  • Poesiar, København, 1793. Digitalisert utgåve frå Nasjonalbiblioteket
  • Zetlitz' Minde, i Det norske Nationalblad 1821, s. 129–130

KjelderEndra

  1. Cecilie L. Solberg: Norsk kvinnelitteraturhistorie. Bind 1: 1600-1900, Oslo: Pax, 1988, s. 35.
  2. «Norske kvinner : 150 portretter», www.nb.no, henta 12. november 2021 
  3. «Diskrimineres og gjemmes bort», Dagbladet, 22. februar 2012.
  4. Aasen, Elisabeth: Kvinners spor i skrift. Supplement til norsk litteraturhistorie, Oslo: Samlaget, 1986, s. 42.

BakgrunnsstoffEndra