Petsjory

(Omdirigert frå Petseri)

Petsjory (russisk Печоры, estisk Petseri) er ein by i Pskov oblast i Russland med om lag 12 000 innbyggjarar. Han ligg 45 km vest for Pskov og berre 1 km frå grensa til Estland.

Petsjory
Печоры
Horisonten til
Horisonten til
Byåpenet til Petsjory
Byvåpenet til Petsjory


Plassering
Petsjory is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Pskov oblast
Grunnlagd
Bystatus
1473
1776
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

12 424
Koordinatar 57°49′00″N 27°36′00″E / 57.81667°N 27.60000°E / 57.81667; 27.60000
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 81148

Byen Petsjory vart grunnlagd på 1500-talet som ein posad nær det kjende Pskovo-Petsjerskijklosteret og utvikla seg snart til ein viktig handelsstad. Under styret til Ivan den grufulle var Petsjory ei viktig grensefestning. Han vart omeleira fleire gongar av fiendane til Russland: Stefan Batory plyndra busetnaden under omleiringa av Pskov i 1581 og byen vart storma av anten svenske eller polske styrkar i 1592, 1611, 1615, 1630 og frå 1655 til 1657.

Etter slutten på den store nordiske krigen renoverte russarane festningane og Boris Sjeremetev starta i 1701 kampanjen sin i Petsjory. På 1900-talet fekk busetnaden, som hadde vore i dvale i fleire hundreår, tilbake statusen som by (1918). Frå februar til desember 1918 var Petsjory okkupert av tyskarar. Under den estiske sjølvstendekrigen vart byen teken av estiske styrkar 29. mars 1919. Med bakgrunn i freden i Dorpat, vart Petsjory og området rundt byen, kalla Setomaa, gjeve til Estland.

Under åra med estisk sjølvstende var Petseri, som byen då vart kalla, senter for fylket Petserimaa, eitt av dei elleve fylka som utgjorde Republikken Estland. Peterkyrkja vart bygd på den tida. Under den andre verdskrigen var byen okkupert av tyske styrkar frå august 1941 til 11. august 1944.

I 1944, under den sovjetiske okkupasjonen av Estland, vart derimot Petsjory og mesteparten av Petserimaa annektert til Pskov oblast i RSFSR og området har vore russisk sidan den gong.

Kjelder endre

  Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.