Petsjengafjorden
Petsjengafjorden, Petsjengabukta eller Petsamfjorden (russisk: Губа Печенга (Guba Pechenga) er ein fjord på Kolahalvøya i Barentshavet. Han høyrer til Murmansk oblast i Russland. Fjorden er 17 km lang og 1-2 km brei, og ligg om lag 25 km frå grensa til Noreg.
Petsjengaelva munnar ut inst i fjorden. Her ligg òg byen Petsjenga. På vestsida, halvvegs inn i fjorden, ligg Liinakhamari (finsk: Liinahammari), som var den einaste isfrie hamna i Finland i tida 1920-1944, då Petsjengaområdet var finsk territorium.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Pechenga Bay» frå Wikipedia på engelsk, og «Petsjengafjorden» frå Wikipedia på bokmål den 12. juli 2008.