Petter Haugli
Petter Haugli (fødd 14. mai 1958) er ein norsk sjakkspelar. Petter Haugli vart utnemnd til Internasjonal Meister i sjakk (IM) av Verdssjakkforbundet FIDE i 1988.[1]
Petter Haugli | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. mai 1958 (66 år) |
Yrke | sjakkspelar |
Petter Haugli deltok på det norske landslaget i sjakk-OL (VM for landslag) i 1988 og 1994. I 1988 vart det 7,5 poeng på 11 parti, noko som gav han det tredje og avgjerande nappet i IM-tittelen.[2] I 1994 vart det magre 0,5 poeng på 4 parti.[3]
Petter Haugli er medlem av Moss Schakklubb.
Kjelder
endre- Norsk Sjakkblad
- Øystein Brekke: Norges sjakkforbund 75 år 1914-1989, Norges Sjakkforbund 1989, ISBN 82-991916-0-2
- Olimpbase, database over sjakk-olympiadar mv
- Fotnotar
- ↑ Brekke s. 95
- ↑ Norsk Sjakkblad nr. 8 - 1988, side 3.
- ↑ Olimpbase om Petter Haugli