Petter Hugsted
Alf Petter Hugsted (11. juli 1921–16. mai 2000) var ein norsk skihoppar. Han var både fødd og døydde på Kongsberg.
Petter Hugsted | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. juli 1921 Kongsberg kommune |
Død | 16. mai 2000 (78 år) Kongsberg kommune |
Idrett | skihopping, fotball |
Tok del i | Skihopping under Vinter-OL 1948 |
Utmerkingar | Sportsjournalistenes statuett |
Karriere
endreHugsted vart olympisk meister i hopp i under Vinter-OL 1948 i St. Moritz, føre Birger Ruud på sølvplass og Thorleif Schjelderup på bronseplass. Hugsted hoppa 65 meter i fyrste omgang og 70 meter i andre omgang, det lengste hoppet i tevlinga. Alle dei norske medaljane kom etter klart høgre stilkarakterar enn for dei sterkaste, utanlandske konkurrentane. Hugsted fekk 18 og to gongar 18,5 poeng i teljande karakterar for fyrstehoppet og tre gongar 19 for andrehoppet. Finnen Matti Pietikäinen hoppa 69,5 og 69 meter, men tapte totalt 12 stilpoeng i høve til Hugsted og hamna på fjerdeplass i tevlinga. For prestasjonen i OL-bakken vart Hugsted tildelt 'Sportsjournalistenes statuett' for 1948, den aller fyrste som vart utdelt. Han var også med i Ski-VM 1950 i Lake Placid, enda då på sjuandeplass, endå om han var berre femte beste nordmann.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn
endre- 1948: Gullmedalje under OL i St. Moritz. Nr 3 i Holmenkollrennet
- 1950: Nr 7 i VM i Lake Placid. Nr 3 i Holmenkollrennet
- 1951: Nr 13 i Holmenkollrennet
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
endre- 1946: Nr 9
- 1947: Nr 6 i Tistedalen
- 1948: Nr 5 på Lillehammer
Kjelder
endre- P. Chr. Andersen: Den nye olympiaboken. Oslo, 1957.
Bakgrunnsstoff
endre- 14. mars 1948 - Petter Hugsted ble nr 2 i Bergensbakken Arkivert 2012-02-05 ved Wayback Machine., Historien om en hoppbakke
- http://www.kongsberg.kommune.no/kultur/gater/data/petter_hugsted_vei.htm Arkivert 2008-06-13 ved Wayback Machine.