Phallus Dei
Phallus Dei Studioalbum av Amon Düül II | ||
Språk | tysk | |
Utgjeve | 1969 | |
Sjanger | Krautrock, progressiv rock, psykedelisk rock, avantgarde | |
Lengd | 41:38 | |
Selskap | Repertoire | |
Produsent | Olaf Kübler | |
Amon Düül II-kronologi | ||
---|---|---|
Phallus Dei | Yeti (1970)
|
Phallus Dei er debutalbumet til det tyske bandet Amon Düül II. Den latinske tittelen tyder «Guds penis».
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Albumet kom til då kollektivet Amon Düül i München delte seg. Musikken på albumet består av lag på lag med gitarar, abstrakt perkusjon og messe-liknande song. Det vert ofte omtalt (i lag med Can-albumet Monster Movie) som det første krautrock-albumet.
Det vart først gjeve ut på CD i 1988 av Mantra, der songane var lista i feil rekkefølgje på omslaget, men rett på sjølve plata. Det vart gjeve ut på ny i 2001 og vart med ny digital lyd på Eroc, og med to bonusspor: «Freak Out Requiem (Parts I-IV)» og «Cymbals in the End», begge spelt inn på same tid som det originale albumet.
I 2006 gav det tyske selskapet Revisited Records ut albumet med to andre bonusspor, «TouchMaPhal» (10:17) og «I Want The Sun to Shine» (10:32), men desse to vart spelte inn 15 år etter albumet først kom ut.
Innhald
endreNr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Kanaan» | 4:02 |
2. | «Dem Guten, Schönen, Wahren» | 6:12 |
3. | «Luzifers Ghilom» | 8:34 |
4. | «Henriette Krötenschwanz» | 2:03 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
5. | «Phallus Dei» | 20:48 |
Medverkande
endre- Shrat – bongo, vokal, fiolin
- Peter Leopold – Trommer
- Holger Trülzsch – Tyrkiske trommer
- Dieter Serfas – trommer, elektrisk cymbalar
- John Weinzierl – gitar, 12-strengsgitar, bass
- Falk Rogner – Orgel
- Christian Borchard – vibrafon
- Chris Karrer – fiolin, gitar, 12-strengsgitar, sopransaksofon, vokal
- Renate Knaup – vokal, tamburin
- Dave Anderson – bass på «Luzifers Ghilom»
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Phallus Dei» frå Wikipedia på engelsk, den 10. april 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: