Opna hovudmenyen
Monster Movie
Studioalbum av Can
Utgjeve August 1969
Innspelt juli 1969 i Schloss Nörvenich i Tyskland
Sjanger Krautrock
Lengd 38:05
Selskap United Artists/Sound Factory
Produsent Can
Can-kronologi
Monster Movie Soundtracks
(1970)


Monster Movie er debutalbumet til det tyske rockbandet Can, spelt inn og gjeve ut i 1969. På albumet fører dei saman element av psykedelisk rock, blues, frijazz, verdsmusikk og andre stilar, påverka av Velvet Underground[4][5] noko som er særleg tydeleg på opningssporet «Father Cannot Yell». Dei nytta improvisasjon, eksperimentering, klipping og fleire lag av lydar og sette standarden for påfølgjande album av Can tidleg i 1970-åra, som var viktige i den avantgarde musikkstilen som vart kalla «krautrock» av britisk musikkpresse.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[1]
Pitchfork Media(8.7/10)[2]
Stylus Magazine(A)[3]

Etter at dei hadde gjeve ut dei første singlane sine i 1968, spelte Can inn eit album kalla Prepared to Meet Thy Pnoom, men det var ingen plateselskap som ville gje det ut. Dette albumet kom etter kvart ut i 1981 som ein del av Delay 1968). Med Monster Movie prøvde Can å lage eit noko meir tilgjengeleg album.[6] På plateomslaget kan ein sjå ein gigant andletslaus figur av Marvel Comics-figuren Galactus. Bandet er omtalt som «The Can», eit namn som vart føreslått av vokalisten Malcolm Mooney og som vann ei avstemming i bandet. Tidlegare hadde bandet kalla seg Inner Space, som seinare vart namnet på platestudioet dei bygde sjølv. Somme eksemplar av plata hadde undertittelen «Made in a castle with better equipment», og synte til Schloss Nörvenich, eit slott frå 1300-talet i Nordrhein-Westfalen der bandet spelte inn albumet i 1968-1969.[7]

Den 20 minuttar jam'en «Yoo Doo Right» vart kutta ned frå eit seks timar langt lydopptak,[4] medan Mary, Mary So Contrary er basert på Mary, Mary, Quite Contrary, eit populært engelsk barnerim.

Monster Movie var det einaste Can-albumet med Malcolm Mooney på vokal før Rite Time, 20 år seinare.

InnhaldEndra

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Father Cannot Yell»   7:06
2. «Mary, Mary So Contrary»   6:21
3. «Outside My Door»   4:11
Side to
# Tittel Lengd
4. «Yoo Doo Right»   20:27
38:05

MedverkandeEndra

KjelderEndra

  1. Ankeny, Jason. "Can: Monster Movie > Review"Allmusic. Henta 6. mars 2013.
  2. Leone, Dominique (Mal:Date). «Can: Monster Movie». Pitchfork Media. Henta 6. mars 2013. 
  3. Southall, Nick (Mal:Date). «Can: Monster Movie / Soundtracks». Stylus Magazine. Henta 6. mars 2013. 
  4. 4,0 4,1 McGurk, Mike. «Monster Movie». Rhapsody. Henta 6. mars 2013. 
  5. Stubbs, Peter. «Album by Album: Can». Uncut. Henta 6. mars 2013. 
  6. Czukay, Holger (1997). «Short History of the Can - Discography». Perfect Sound Forever. furious.com. Henta 6. mars 2013.  Den ukjende parameteren |month= vart ignorert (hjelp)
  7. Cavanaugh, David. «Can – Tago Mago R1971». Uncut. Henta 6. mars 2013.