Philip Pullman
Philip Pullman (fødd 19. oktober 1946) er ein britisk forfattar av barne- og ungdomslitteratur. Han er mellom anna kjend for å ha skrive triologien His Dark Materials, kjent som Den mørke materien på norsk.
Philip Pullman | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 19. oktober 1946 (78 år) Norwich |
Yrke | skribent, romanforfattar, universitetslærar, skodespelforfattar, bibliotekar, barnebokforfattar, ansvarlig produsent, lydboksinnleser, manusforfattar |
Språk | engelsk |
Sjanger | fantasy |
Medlem av | Royal Society of Literature |
Religion | ateisme |
Far | Alfred Pullman |
Philip Pullman på Commons |
Livssoge
endrePhilip Pullman vart fødd i Norwich i England, men oppheldte seg i periodar under oppveksten både i Zimbabwe, Australia og Wales. Han studerte seinare engelsk ved Exeter College i Oxford, og då han vart 25 fann han vegen til ei lærarstilling i barneskulen. I tillegg til læraryrket skreiv Pullman bøker, og han har gjeve ut ymse verk med ujamne mellomrom sidan 1972. Nemnande verk er Count Karlstein frå 1982 og Sally Lockhart-serien. Gjennombrotet hans kom likevel i 1995, då Scholastic publiserte Northern Lights som er første del i His Dark Materials-triologien. Oppfølgjarane The Subtle Knife frå 1997 og The Amber Spyglass frå 2000 vart òg godt motteke. Dei tre bøkene er per i dag omsette til 37 ulike språk.
Bibliografi
endreSally Lockhart-serien
endre- 1985 The Ruby in the Smoke (utgjeve på bokmål som Blodrød rubin i 1988, seinare som Rubinen i røyken i 2006)
- 1986 The Shadow in the North (utgjeve på bokmål som Iskaldt spill i 1989)
- 1991 The Tiger in the Well
- 1994 The Tin Princess
The New-Cut Gang-serien
endre- 1994 Thunderbolt's Waxwork
- 1995 The Gasfitter's Ball
His Dark Materials-triologien
endre(norsk tittel Den mørke materien)
- 1995 Northern Lights (utgjeve på bokmål som Nordlys i 1997, seinare som Det gylne kompasset i 2002)
- 1997 The Subtle Knife (utgjeve på bokmål som Den skarpe eggen i 1999, seinare som Den skarpeste kniven i 2002)
- 2000 The Amber Spyglass (utgjeve på bokmål som En kikkert av rav i 2002)
Einstaka bøker
endre- 1972 The Haunted Storm
- 1976 Galatea
- 1982 Count Karlstein (utgjeve på bokmål som Grev Karlstein i 2004)
- 1987 How to be Cool
- 1989 Spring-Heeled Jack
- 1990 The Broken Bridge
- 1992 The White Mercedes
- 1993 The Wonderful Story of Aladdin and the Enchanted Lamp
- 1995 Clockwork, or, All Wound Up
- 1995 The Firework-Maker's Daughter
- 1998 Mossycoat
- 1998 The Butterfly Tattoo (tidlegare The White Mercedes)
- 1999 I was a Rat! or The Scarlet Slippers
- 2000 Puss in Boots: The Adventures of That Most Enterprising Feline
- 2004 The Scarecrow and his Servant (utgjeve på bokmål som Jakob og fugleskremselet i 2005)
- 2010 The Good Man Jesus and the Scoundrel Christ
Prisar
endre- 1996 British Book Awards Children's Book of the Year, for Northern Lights
- 1996 Carnegie Medal, for Northern Lights
- 1996 Guardian Children's Fiction Prize 1996, for Northern Lights
- 1996 Nestlé Smarties Book Prize (gull i kategorien 9 til 11 år), for The Firework Maker's Daughter
- 2000 British Book Awards Children's Book of the Year, for The Amber Spyglass
- 2001 British Book Awards Author of the Year
- 2001 Whitbread Book of the Year, for The Amber Spyglass
- 2002 Eleanor Farjeon Award
- 2005 Litteraturprisen til minne om Astrid Lindgren (delt med Ryōji Arai)
- 2007 Carnegie of Carnegies, for Northern Lights (etter avrøysting over favoritten mellom vinnarane av Carnegie-medaljen hjå britiske lesarar)