Philippe Clerc (fødd 24. desember 1946) er ein sveitsisk tidlegare friidrettsutøvar frå Port-Valais, som tevla på sprintdistansane. Han vart europameister på 200 meter i 1969.

Philippe Clerc

Statsborgarskap Sveits
Fødd 24. desember 1946 (77 år)
Port-Valais
Yrke sprintar
Språk fransk
Høgd 176 centimeter
Philippe Clerc på Commons

Aktiv endre

Clerc vart sveitsisk meister på 200 m i 1966, ein prestasjon han gjentok i åra 1970-72. I 1967 sette han sveitsisk rekord på distansen med 20,7 sekundar, ei tid på europeisk toppnivå.

Sommaren 1969 imponerte Clerc stort og forbetra på spesialdistansen 200 m den ni år gamle europarekorden med eitt hundredels sekund til 20,3 under stemne i Zürich. Dermed var han øvste favorittsjiktet ved EM i friidrett 1969 i Aten, der han innfridde og vann på tida 20,7 sekundar. Same sesongen forbetra han elles den nasjonale 100-meterrekorden til 10,2 sekundar. For sine prestasjonar vart han kåra til årets idrettsutøvar i heimlandet.

Dei neste tre sesongane var han god for tider på 20,8, 20,8 og 20,7. Han vart nummer fem på 200 m under friidretts-EM 1971 i Helsinki, medan han med 20,82 sekundar var nær å sikre seg semifinaleplass under sommarleikane i München i 1972, men rauk ut i mellomheatet.

Clerc vart sveitsisk meister på 100 meter fem år på rad; 1968-72.

Kjelder endre