Phippsia concinna
Phippsia concinna eller sprikesnøgras er ei plante i snøgrasslekta i grasfamilien.
Phippsia concinna | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Grasordenen Poales |
Familie: | Grasfamilien Poaceae |
Slekt: | Phippsia |
Art: | P. concinna |
Vitskapleg namn | |
Phippsia concinna |
Sprikesnøgras dannar raudbrune rosettar der blad og strå ligg nedover. Blada er lange, slanke, tydeleg folda med ein baugforma spiss. Frukta er smalt spoleforma og er breiast nedanfor midten. Ein skil sprikesnøgras frå snøgras ved at rosetten på den siste er mindre open og den er lyst gulgrønn.
Arten er sjeldan og er på raudlista klassifisert som VU.
Planta veks på våte snøleie på baserik grunn. Den europeiske sørgrensa er i Sør-Noreg.
Kjelder
endre- L. Galten, Snøgras-slekta Phippsia i østlige Midt-Norge - status per 2011, s. 173 - 203, Blyttia 70 (3), 2012
- The Flora of Svalbard