Grasfamilien
Bambusen Phyllostachys aurea
Bambusen Phyllostachys aurea
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrike: Viridiplantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Grasordenen Poales
Familie: Grasfamilien Poaceae
Barnhart, 1895

Grasfamilien er ei stor gruppe plantar einfrøblada dekkfrøplantar som veks over nesten heile verda. Ho omfattar over 10 000 ville og dyrka artar, og er den femte største plantefamilien[a][1] I Noreg finst kring 160 grarartar, fordelt på kring 60 slekter.

Grassletter i Indre Mongolia.
Maisåker i USA.
TussokgrasSør-Georgia.

Grassletter utgjer rundt 20 % av vegetasjonsdekket på jorda. Grasplantar veks også i andre habitat, som skog, tundra og våtmark. Grasfamilien er økonomisk svært viktig, i og med at alle kornsortane høyrer til her. Korn vert skild frå dei andre artane som gruppa åkervekster. Dei viktigaste grasplantene er mellom anna havre, rug, bygg, kveite, ris, mais, durra, sukkerrøyr, bambus, timotei og raps.

Grasliknande vekstar som siv, sjøgras og halvgras høyrer ikkje til grasfamilien.

Gras til mat og fôr endre

Grasplantene har vore nytta av menneske frå førhistorisk tid og har vorte nytta som mat til menneske i form av korn og som fôr til husdyr.

Frå gras til mat er det det mogne frøet (kornet) den viktigaste delen av planta. Kornet blei sådd om våren, i våronna, og hausta om hausten, i skuronna.

Frå gras til fôr er det blada og stenglane som utgjer den viktige delen av avlinga. Gras til fôr beitast direkte eller vert hausta fleire gongar i sesongen (slåttonn) og vert konservert anten ved tørking til høy eller vert ensilert som surfôr i tårnsilo, plansilo eller rundballar.

Oversyn endre

Sjå òg endre

Merknadar endre

Kjelder endre

  1. Stevens, P.F. «Angiosperm Phylogeny Website». Henta 7. oktober 2007. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Grasfamilien