Phlegra Montes er ei fjellrekkjeMars. Ho strekkjer seg frå det nordaustre av Elysium-regionen til dei nordlege låglanda.[1] Fjella har vore rekna som danna av tektoniske krefter, men nyare tolkingar ser på dei som mogelege vulkanske restar.[2]

Høgdedata som syner korleis Phlegra Montes strekkjer seg mot nord
Den sørlege enden av Phlegra Montes fotografert av Mars Express

Radardata frå Mars Reconnaissance Orbiter syner at det finst vassis under lausmassar som ligg kring fjella i Phlegra Montes; kan henda berre 20 meter under yta.[1]

Bilete endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Mountains and buried ice on Mars - ESA
  2. Phlegra Montes, Mars: Chronology and Denudation Rates av S. van Gasselt, A.-P. Rossi, C. Orgel og J. Schulz

Bakgrunnsstoff endre