Pia Haraldsen
Pia Renate Haraldsen (fødd 1. august 1981 som Pia Renate Strømsnes) er ein norsk programleiar og artist.
Pia Haraldsen | |
Fødenamn | Pia Renate Strømsnes |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1. august 1981 (43 år) Bærum kommune |
Yrke | modell, event manager, TV-personlighet, programleiar, komikar, journalist, faglitterær forfattar |
Pia Haraldsen på Commons |
Haraldsen er utdanna innan medie og kommunikasjon ved University of London.
I 2004 var Haraldsen frilansar for mellom anna VG, der ho var spaltist, TV 2 og ungdomsbladet mag. I oktober 2004 vart ho redaktør i motemagasinet Cosmopolitan. Ho sat òg som meddommar i shoppingprogrammet Shopaholic på TV3, saman med motejournalist Hilde Marstrander og modellpappa René Charles Gustavsen. Seinare har ho blitt eit kjent andlet på TV 2 som programleiar for Kjendisjakten og Frokostquiz på TV2. I februar 2007 byrja ho som politisk redaktør i humorprogrammet Rikets røst på TV 2.
Deltaking
endre- 2005: Kjendisjakten (programleiar)
- 2006: Sjamørskolen (gjest)
- 2006: På tråden med Synnøve (seg sjølv)
- 2006: Sommerquiz (programleiar)
- 2006: Frokostquiz (programleiar)
- 2007: Waschera (gjest)
- 2007: Skal vi danse med Thomas Wendel (8. plass)
- 2007: Senkveld med Thomas og Harald (gjest)
- 2007: Grosvold (gjest)
- 2007: Fra Hollywood til Parkveien (seg sjølv)
- 2007: Eva og Adam (forteljar om feminisme)
- 2007: Rikets røst (reportar)
- 2008: Torsdagsklubben (reportar)
- 2008: Norges Herligste (seg sjølv)
- 2008: Fredag (gjest)
- 2009: Sommertid (gjest)
- 2009: Pia og Jasmin (seg sjølv)
- 2009: Rødnesedagen 09 (seg sjølv)