Senkveld
Senkveld er eit norsk talkshow som har vorte sendt fredagar på TV 2 sidan 2001. Programleiarar har vore Hans Christian Andersen og Tommy Steine (2001-2003), Thomas Numme og Harald Rønneberg (2003-2018), og Helene Olafsen og Stian Blipp (2018- ). Formatet har haldt seg ganske likt, men med nokre skilnader i innslag og utforming.
Type | Underhaldningsprogram |
---|---|
Sjanger | Talkshow |
Opphavsland | Noreg |
Introduksjonsår | 2001 |
Sesongar | 2 (Hans Christian og Tommy)
30 (Thomas og Harald) 2 (Helene og Stian) |
Språk | norsk |
Programleiar | Helene Olafsen og Stian Blipp |
Kanal | TV 2 |
- For den noverande utgåva, sjå Senkveld med Helene og Stian.
Dei lengstlevande programleiarane for Senkveld er Thomas Numme og Harald Rønneberg, som leia programmet i 30 sesongar frå 2003 og 2018.
ProgramleiararEndra
Programleiarar | Byrja | Slutta | Antal episodar | Antal sesongar |
---|---|---|---|---|
Hans Christian Andersen, Tommy Steine | 7. september 2001 | 29. november 2002 | 2 | |
Thomas Numme, Harald Rønneberg | 12. september 2003 | 11. mai 2018 | 435 | 30 |
Helene Olafsen, Stian Blipp | 14. september 2018 | noverande | 29 | 2 |
HistorieEndra
Hans Christian «HC» Andersen og Tommy SteineEndra
Premieren av Senkveld med HC og Tommy vart sett av 377 000 TV-sjåarar. Programleiarane vart ikkje einige med kanalen om fornying av programmet, og siste sending vart difor sendt 29. november 2002.[1] Hans Christian Andersen ynskte å ta inn fleire internasjonale gjestar til programmet, men det gjekk ikkje TV 2 med på.
Thomas Numme og Harald RønnebergEndra
Etter nærmare eit år utan programmet på TV-skjermen, ynskja TV 2 å gjera ei ny satsing på programmet.[2] Thomas Numme og Harald Rønneberg gjekk frå jobben som programleiarar i Idol, og over til Senkveld.[3] I mai 2010 vann programmet Gullruten for «Beste underholdning».[4]
Helene Olafsen og Stian BlippEndra
Den tidligare snøbrettkøyraren Helene Olafsen og Stian Blipp vart valgt av TV 2 til å overta som programleiarar.[5] Senkveld med Helene og Stian hadde premiere i september 2018, og premieren vart sett på av 582 000 TV-sjåarar.
KonseptEndra
Programmet har behaldt det samme grunnkonseptet sidan starten i 2001. Den største delen av programmet går til intervju med ulike gjestar som er aktuelle. På slutten av programmet er det som oftast ein opptreden av ein artist eller gruppe.
I Senkveld med Thomas og Haraldsatt begge programleiarane bak ein pult og gjestane tok plass i ein sofa. Senkveld med Helene og Stian har endra litt på dette og fjerna pulten. Programleiarane sit no saman med gjestane sine i ein større sofa.
SendingEndra
Senkveld blir sendt på TV 2 på fredagar, og er tilgjengeleg på strømmetenesten TV 2 Sumo.
BakgrunnsstoffEndra
- Heimeside (TV2)
- «Senkveld» i 100! (VG, 2006)
- Senkveld-gutta på flukt (Forsvarsnett, 2006)
KjelderEndra
- ↑ «Slutt for Senkveld», kampanje.com (på norsk bokmål), henta 31. mai 2019
- ↑ Bjørn Eckblad, Gøran Skaalmo (2012). Se hva som skjedde. Historien om TV 2. Font.
- ↑ «Fra «Idol» til «Senkveld»», www.ba.no (på norsk), 21. august 2003, henta 31. mai 2019
- ↑ Stavrum, Ina Rosenberg, «Endelig vant de!», www.side2.no (på norsk), henta 31. mai 2019
- ↑ AS, TV 2, «Stian Blipp og Helene Olafsen tar over Senkveld», TV 2 (på norsk bokmål), henta 31. mai 2019