Opna hovudmenyen

Pico Cristóbal Colón er det høgste fjellet i Magdalena-departementet i Colombia og har den femte største skardhøgda av alle fjell i verda. Fjelltoppen er ein del av fjellkjeda Sierra Nevada de Santa Marta. Med si høgd på 5775 meter,[1][2] er Pico Cristóbal Colón likevel berre 42 kilometer frå den karibiske kysten, og blir derfor rekna som det høgste kystfjellet i verda.

Pico Cristóbal Colón
fjell
Pico Cristobal Colon.jpg
Bilete frå 2008
Foto: Sylvain Perret
Land Flag of Colombia.svg Colombia
Fjellkjede Sierra Nevada de Santa Marta
Høgd 5 775 moh,[note 1] moh.
Primærfaktor 5 584 m
Førstestiging 1939 (W. Wood, A. Bakerwell og E. Praolini)
Koordinatar 10°50′18″N 73°41′12″WKoordinatar: 10°50′18″N 73°41′12″W
Wikimedia Commons: Pico Cristóbal Colón

Det er noko usemje om måletallet for høgda,[note 1] og om rangering i høve til tvillingfjellet Pico Simón Bolívar, men dei fleste globale kjelder, held Pico Cristóbal Colón som det høgste med ein margin på ein meter. Det er semje om at dei to fjella er dei to høgste i Sierra Nevada de Santa Marta.

Det er ei permanent snøkappe på denne toppen og på dei nærliggande fjella. Fjelltoppen har fått namn etter Kristoffer Columbus. Pico Cristóbal Colón vart første gong klatra i 1939 av W. Wood, A. Bakerwell og E. Praolini.[1]

KjelderEndra

Referansar
Notar
  1. 1,0 1,1 Wikipedia-artikkelen Sierra Nevada de Santa Marta på engelsk skriv at data og lokale topografiske kart frå Shuttle Radar Topography Mission (SRTM), viser at sann høgde ikkje overstig 5700 m utan at det er gjeve anna kjelde for det

BakgrunnsstoffEndra