Pico (portugisisk Ilha do Pico) er ei øy i Asorane, kjend for den svære vulkanen med same namn, Ponta de Pico (Pico Alto), som er det høgaste fjellet i Portugal og det høgaste punktet langt Den midtatlantiske ryggen.

Pico
Ponta da Pico sett frå landsbyen Madalena
Ponta da Pico sett frå landsbyen Madalena
Geografi
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 38°28′33″N 28°20′30″W / 38.47583°N 28.34167°W / 38.47583; -28.34167
Øygruppe Asorane

Areal 447 km²

Høgaste punkt Ponta do Pico (2351 moh.)

Administrasjon
Land PortugalPortugal
Autonom region Asorane
Største busetnad Madalena (6184 innb.)

Demografi
Folketal 15000
Folketettleik 33,5 /km²

Øya ligg 17,5 km sør for São Jorge (Ilha de São Jorge) og berre 7 km vest for Faial (Ilha do Faial). Ho er 42 km lang og 15 km på det breiaste med eit areal på 447 km², noko som gjer ho til den nest største av Asorane. Dei største busetjingane er hovudstaden Madalena, São Roque do Pico og Lajes do Pico. Øya har totalt rundt 15000 innbyggjarar.

Vulkanen ligg sørvest på øya. Han er ein basaltisk stratovulkan og har ei høgd på 2351 meter over havet med bratte sider. Det siste utbrotet på øya kom i 1963 då det oppstod eit lite undersjøisk utbrot utanfor nordvestkysten. Tidlegare store utbrot kom i 1562-64, 1718 og 1720. Lavastraumane er framleis synlege, særleg dei frå 1500-talet og 1718, som strekkjer seg over 10 km bort frå vulkanen.

Hovudnæringa på øya var ein omfattande kvalfangstindustri fram til 1980. I dag er hovudnæringane turisme, skipsbygging og vinproduksjon. Vingardskulturlandskapet på Pico har vore ein del av UNESCO si verdsarvliste sidan 2004.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre