Pierce LePage
Pierce LePage (fødd 22. januar 1996) er ein kanadisk friidrettsutøvar som tevlar i mangekamp. Han vart verdsmeister i tikamp under VM i friidrett 2023 i Budapest.
Pierce LePage | |
Statsborgarskap | Canada |
Fødd | 22. januar 1996 (28 år) Whitby |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Samveldeleikane 2018, Friidrett under Sommer-OL 2020 – Tikamp menn |
LePage gjekk i 2019 til topps i Décastar-tevlinga i Talence på personbeste 8 453 poeng. Om hausten kom han på femteplass ved VM i friidrett 2019 i Doha med 8 445 poeng. Sommaren 2021 vart han nummer 2 i Götzis-stemnet med 8 534 poeng og så 5 under dei olympisk leikane i Tokyo med 8 604 poeng. Året etter vann han sølvmedaljen i VM i friidrett 2022 i Eugene med 8 701 poeng, der franske Kévin Mayer sigra. Ved verdsmeisterskapen 2023 presterte LePage livsbeste 8 909 poeng og sikra seg dermed gullmedaljen med god margin.
Kjelder
endre- World Athletics
- Denne artikkelen bygger på «Pierce LePage» frå Wikipedia på tysk, den 9. september 2023.