Kévin Mayer
Kévin Mayer (fødd 10. februar 1992) er ein fransk mangekjempar frå Argenteuil, sidan 2018 verdsrekordhaldar i tikamp med 9 126 poeng. Han vart verdsmeister i tikamp i London i 2017 og i Eugene i 2022. Elles sikra han seg sølvmedalje i tikamp-tevlinga i så vel EM i friidrett 2014 som i Sommar-OL 2016 og Sommar-OL i 2021.
Kévin Mayer | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 10. februar 1992 (32 år) Argenteuil |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Friidrett under Sommer-OL 2016 – Tikamp menn, 2013 European Athletics Indoor Championships – men's heptathlon, EM i friidrett innandørs 2021, Friidrett under Sommer-OL 2012 – Tikamp herrer, Friidrett under Sommer-OL 2020 – Tikamp menn |
Utmerkingar | ridder av Den nasjonale fortjenstorden, Årets friidrettsutøver i Europa, Champion des champions français de L'Équipe |
Aktiv
endreMayer vart fjerdemann i tikampen ved Moskva-VM 2013, etter å ha sett personleg rekord. I Friidretts-EM 2014 forbetra han rekorden sin til 8 521 poeng og fekk sølv. To år seinare flytta han sitt personbeste til sterke 8 834 poeng i Rio de Janeiro, men hamna likevel 59 poeng bak Ashton Eaton i kampen om OL-gullet. Under verdsmeisterskapen 2017 i London sanka Mayer 8 768 poeng og vart verdmeister med solid margin.
15. og 16. september 2018 hadde Mayer fullklaff i Decastar-tevlinga i Talence og sette verdsrekord i tikamp med 9 126 poeng. Etter å ha vore hemma av skadar i eit par år, kom han tilbake og sikra seg eit nytt OL-sølv i tikamp då sommarleikane i Tokyo vart avvikla i august 2021. Sommaren 2022 gjekk han heilt til topps i tikampen ved verdsmeisterskapen i USA, trass i at han ikkje var fullstendig skadefri.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- OL 2012 i London: Nr 15 – 7 952 poeng
- VM 2013 i Moskva: Nr 4 – 8 446 poeng
- EM 2014 i Zürich: Sølvmedalje – 8 521 poeng, bakom Andrej Krautsjanka (8 616 poeng)
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Sølvmedalje – 8 834 poeng, bakom Ashton Eaton (8 893 poeng)
- VM 2017 i London: Gullmedalje – 8 768 poeng, framom Rico Freimuth (8 654 poeng)
- EM 2018 i Berlin: Braut etter andre øvinga
- VM 2019 i Doha: Braut etter åttande øvinga
- OL i 2021 i Tokyo: Sølvmedalje – 8 726 poeng, bakom Damian Warner (9 018 poeng)
- VM 2022 i Eugene: Gullmedalje – 8 816 poeng, framom Pierce LePage (8 701 poeng)
- EM 2022 i München: Braut etter andre øvinga
- VM 2023 i Budapest: Braut etter fyrste øvinga
- EM 2024 i Roma: Nr 5 – 8 476 poeng
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kévin Mayer» frå Wikipedia på tysk, den 7. mai 2022.
Bakgrunnsstoff
endre- «Kévin Mayer» (på engelsk). olympedia.org. Henta 20. februar 2023.