Opna hovudmenyen

Pierre Le Moyne d'Iberville (fødd 16. juli 1661 i Ville-Marie, no Montreal i Canada, død 9. juli 1706 i HavannaCuba),[1][2] var ein fransksoldat, skipskaptein, utforskar, koloniadministrator, riddar av Saint-Louis-ordenen, eventyrar, sjørøvar, kjøpmann og grunnleggjar av den franske kolonien Louisiana i Ny-Frankrike. [2] Han er truleg den mest kjende personen frå Ny-Frankrike og den første store kanadiske eventyraren som var fødd i Nord-Amerika.

Pierre Le Moyne d'Iberville
Portrait, Pierre Le Moyne d'Iberville, Montréal Archives.jpg
Fødd 16. juli 1661
Montreal
Død

9. juli 1706
Havanna

Yrke oppdagar, marineoffiser
Pierre Le Moyne d'Iberville på Commons

Han var den tredje sonen til Charles Le Moyne, som kom frå Dieppe i Frankrike og var lord i Longueuil i Canada. Mora heitte Catherine Primot. Han var den eldre broren til vitskapsmannen Jean-Baptiste Le Moyne de Bienville. Han vart òg kalla Sieur d'Iberville

Pierre Le Moyne d'Iberville var med å grunnleggje fleire byar i dagens USA, som Biloxi i Mississippi (1699) og Mobile i Alabama (1702). Iberville leia eit felttog på Newfoundland 1696-1697 og deltok i slaget i Hudsonbukta mot ein britisk skvadron.

Iberville leia i 1706 ei rekkje suksessfulle åtak mot den britiske øya Nevis under den spanske arvefølgjekrigen. Han reiste så til HavannaCuba for å få forsterkingar frå Castilla for eit åtak på Carolina. Han døydde derimot i Havanna av gul feber.

KjelderEndra

  1. "Pierre Le Moyne, Sieur d'Iberville" (biography), Catholic Encyclopedia, 1907, webpage: CathEnc-7614b: gives datos (16 July 1661; d. at Havana, 9 July 1706)
  2. 2,0 2,1 "Le Moyne d'Iberville", Dictionary of Canadian Biography Online, 2009.