Pieter Claesz (15971660) var ein nederlandsk kunstmålar, ein av dei fremste representantane for måling av stilleben under barokken.

Pieter Claesz Stilleben, 1627


Pieter Claesz var fødd rundt 1596/1597 og kom frå Berchem, nær Antwerpen. Truleg fullførte han læretida si i Antwerpen, stilistiske samanfall i dei tidlege verka hans tyder på nær kontakt med målarane Clara Peeters og Osias Beert. Sannsynlegvis kjende han òg til stillebenmålarane Nicolaes Gillis og Floris van Dyck i Haarlem.

Hans nyskapande biletkomposisjonar gjorde han til ein av dei mest innovative stillebenmålarane, slik at Samuel Ampzing i 1628 nemnde Claesz i eit dikt der han prisa byen Haarlem. Det var fyrst i 1628 Pieter Claesz fekk alvorleg konkurranse i Haarlem, då ved Willem Claesz. Heda. Frå å vere ein målar som nytta ein monokrom palett i grått, brunt og grønt, utvikla han seg då til å lage praktfulle stilleben i mykje sterkare fargar.

I 1634 er Pieter Claesz medlem av målarlauget Sint-Lucasgildet i Haarlem, i byen der han døydde i slutten av året 1660 og vart gravfesta 1. januar 1661.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Pieter Claesz

Kjelder endre