Sint-Lucasgildet
Sint-Lucasgildet var namnet på eit gilde av kunstnarar og kunsthandverkarar i Nederlanda. Lauget hadde lokale avdelingar, mellom anna i Antwerpen, Utrecht, Delft og Leiden.
Kunstmålarar, glaskunstnarar, skulptørar, gravørar, boktrykkarar og kunsthandlarar kunne bli medlem av gildet. Alle medlemmane blei skrivne inn i medlemsbøker og desse bøkene er i dag viktige for kunnskap om den tidas kunstnarar og dermed for kunsthistorien.
Gildet er kalla opp etter evangelisten Lukas. Årsaka er at han skal ha laga eit ikon av eit bilete av Jomfru Maria, den såkalla «Svarte Madonna av Częstochowa».
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sint-Lucasgildet» frå Wikipedia på bokmål, den 10. mars 2012.