Piktarane var eit folkeslag som levde i det sentrale og nordlege Skottland fram til vikingtida. Namnet fekk dei kanskje av romarane fordi krigarane var tatoverte eller måla. I romersk tid fanst det to piktiske kongedøme: eitt i sør, som stadig gjekk til åtak på nordgrensa til Romerriket, og eitt i nord, som også busette Orknøyane og Shetland. Ca. 841 blei dei sameint med det gælisktalande folket i Dalriada, som var av irsk opphav, under kong Kenneth I av Skottland.

Ein gravert piktisk stein frå Skottland
Ormesteinen i Aberlemno, piktisk stein klasse I.

Piktarane kan ha vore ein rest av ein før-keltisk folkesetnad på dei britiske øyane. Språket deira var i utgangspunktet ikkje-indoeuropeisk eller ikkje-keltisk, men blei stadig meir prega av og blanda med det keltiske språket gælisk etter kvart som dei to folkegruppene blei blanda og integrert.

Lengst heldt piktisk språk og kultur stand i dei nordlegaste delane av Skottland. Det piktiske språket døydde truleg ut til bate for norrøntShetland1200-talet. Det er mykje som tyder på at dei innfødde overlét øyane til nordmennene på fredeleg vis.[treng kjelde] Det kan òg vera dei gifte seg inn i og vart ein del av den norrøne folkesetnaden. Nordmennene nytta namnet petar på dei.

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.