Pilt-Ola
Ole Olsen Songesand (1779–1858), kjend som Pilt-Ola, var ein norsk eventyrar, driftekar, kremmar, handelsmann, sildetilverkar, oppfinnar, fabrikkeigar og kyrkjeeigar frå Songesand på nordsida av Lysefjorden i Ryfylke. Han voks opp på garden Bakken vest for Songesand.
Pilt-Ola | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1779 |
Død |
1858 (79 år) |
Pilt-Ola var son av Ole Songesandsbaken og Siri Maanen, og hadde elleve sysken.
Han er blant anna kjent for å ha gått til Finnmark til fots for å kjøpa tamrein som han tok med seg tilbake til Ryfylke. Desse dyra er truleg opphavet til villreinstamma i Setesdal-Ryfylke.[treng kjelde] For å verna reinen brukte han gift for å utrydda ulven i Sør-Noreg, noko han langt på veg klarte.[treng kjelde]
Kjelde
endre- Om Pilt-Ola[daud lenkje] ved www.pilt-ola.no