Amundsenhavet
(Omdirigert frå Pine Island Bay)
Amundsenhavet er eit randhav til Sørishavet som ligg utanfor kysten av Marie Byrd Land i Antarktis. Amundsenhavet strekkjer seg frå Thurston Island i aust til Siple Island i vest og grensar til Bellingshausenhavet og Rosshavet.
I 2002 kalva eit 3 400 kvadratkilometer stort isfjell i Amundsenhavet frå Thwaitesbreen.
Amundsenhavet er kalla opp etter den norske polarforskaren Roald Amundsen (1872–1928) og vart namngjeve i februar 1929 under den andre Norvegia-ekspedisjonen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Amundsenhavet» frå Wikipedia på bokmål, den 14. oktober 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Composite Gazetteer of Antarctica Den vitskaplege komiteen for antarktisforsking (SCAR). Katalognr. 322