Pinka er ei elv i Sentral-Europa med ei lengd på om lag 90 km. Ho har utspring i Steiermark aust i Austerrike, ved grensa til bundeslandet Burgenland. Ho renn inn i Ungarn mellom tettstadane Burg og Felsőcsatár, og kryssar grensa mellom dei to landa fem gonger. Ho munnar ut i elva Rába nær Körmend. Den største sideelvane hennar er Strem.

Pinka
elv
Pinka ved Pornóapáti
Land  Austerrike,  Ungarn
Nedslagsfelt 1 369 km²
Lengd 94 km
Kjelde Niederwechsel i Steiermark i Austerrike
Munning Rába
Kart
Pinka
47°30′57″N 15°58′05″E / 47.515936°N 15.968095°E / 47.515936; 15.968095
Wikimedia Commons: Pinka

Dei største busetnadane langs elva er Pinkafeld og Oberwart (ungarsk Felsőőr).

Kjelder

endre