1940-filmen Pinocchio
Pinocchio er ein amerikansk animert film frå 1940, laga av Walt Disney Productions. Filmen bygde på romanen Pinocchio av Carlo Collodi (1826–1890).
Regi | Ben Sharpsteen, Hamilton Luske, Norm Ferguson, T. Hee, Wilfred Jackson, Jack Kinney, Bill Roberts | ||
---|---|---|---|
Produsent(ar) | Walt Disney, Walt Disney | ||
Manus | Aurelius Battaglia, Ted Sears, William Cottrell, Otto Englander, Erdman Penner, Webb Smith, Joseph Sabo | ||
Basert på | Pinocchio av Carlo Collodi | ||
Stemmeskodespelar | Dick Jones, Cliff Edwards, Christian Rub, Charles Judels, Walter Catlett, Evelyn Venable, Frankie Darro, Don Brodie, Jack Mercer, Mel Blanc, Marion Darlington, Patricia Page | ||
Musikk | Paul Smith, Leigh Harline | ||
Produksjonsselskap | The Walt Disney Company | ||
Distributør | RKO Pictures, Disney+ | ||
Utgjevingsdato | 23. februar 1940 (USA) | ||
Lengd | 88 minutt | ||
Opphavsland | USA | ||
Språk | engelsk | ||
Inntening | 84 254 167 US-dollar (USA),[1] 121 892 045 US-dollar (verdsfemnande)[2] | ||
Sjanger | fantasyfilm, buddy-film, filmmusikal, oppvekstforteljing, filmar som byggjer på litterære verk, filmsaga |
Filmen hadde premiere tre år etter Snehvit og de syv dvergene, og var den andre animerte langfilmen frå Walt Disney Company.[3] Han er rekna som den andre av Disney-klassikarane. Filmen er blitt sloppen igjen for kinovising i 1945, 1954, 1962, 1971, 1978, 1984, og 1992. Han kom ut på video som VHS i 1985, 1986, og 1993, og digitalt reinska for utgjeving på DVD den 10. mars 2009.
Handling
endreDen snille dokkemakaren Geppetto ønsker seg ein son av heile sitt hjarte. Ein dag lagar han ei tredokke som han kallar Pinocchio. Ei god fe dukkar opp og vekkar dokka til liv. Fea lover Pinocchio at han vil bli ein ekte gut om han viser at han er modig, ærleg og usjølvisk. Til å hjelpa seg i livet har han ei talande grashoppe, Timmy. Ein dag blir Pinocchio kidnappa og utnytta på teater for at den vonde Stromboli skal tena pengar. Pinocchio rømmer, og må klara seg på eiga hand. Etter at han har møtt fleire farer ønsker Geppetto at Pinocchio skal bli ein ekte gut. Fea tek for seg Pinocchio sine eigenskapar og forvandlar han til slutt til ein menneskegut.
Rolleliste (stemmer)
endreRoller | Engelske stemmer | Norske stemmer |
---|---|---|
Pinocchio | Dickie Jones | Gaute Skjegstad |
Timmi Gresshoppe | Cliff Edwards | Øivind Blunck |
Geppetto | Christian Rub | Helge Winther-Larsen |
Mikkel From | Walter Catlett | Per Christian Ellefsen |
Stromboli | Charles Judels | Ivar Nørve |
Vognmannen | Charles Judels | Harald Mæle |
Ønskeféen | Evelyn Venable | Unn Vibeke Hol |
Umulius | Frankie Darro | Bernhard Arnø |
Alexander | Dickie Jones | Eirik Espolin Johnson |
Songar
endreSongane i filmen blei skrivne av Leigh Harline og Ned Washington.
- «When You Wish upon a Star» - Cliff Edwards - 3:16
- «Little Wooden Head» - Christian Rub - 05:45
- «Give a Little Whistle» - Cliff Edwards og Dickie Jones - 1:38
- «Hi Diddle Dee Dee» - Walter Catlett - 1:40
- «I've Got no Strings» - Dickie Jones og Patricia Page - 2:23
- «Hi-Diddle-Dee-Dee (Reprise)» - Walter Catlett - 00:22
- «When You Wish upon a Star (Reprise)» - Cliff Edwards og Chorus - 01:27
Kjelder
endre- ↑ http://boxofficemojo.com/movies/?id=pinocchio.htm; vitjingsdato: 26. mars 2014.
- ↑ https://www.boxofficemojo.com/title/tt0032910/; Box Office Mojo; vitjingsdato: 19. mai 2022.
- ↑ Andreas Ziegler (20. desember 2009). «Disneytips för julen» (på svensk). Epoch Times. Henta 9. august 2016.
- Denne artikkelen bygger på «Pinocchio (1940)» frå Wikipedia på bokmål, og «Pinocchio (1940)» frå Wikipedia på svensk den 9. desember 2018.
- Fotnotar
Bakgrunnsstoff
endre