Pioneer 2 (dessutan kjend som Able 3) var ein amerikansk romsonde som var meint å skulla nå månen. Han vart skoten opp 8. november 1958 med ein Thor-Able-rakett frå Cape Canaveral. Sonden var den siste av tre i Abel-prosjektet.

Pioneer 2

Stutt tid etter oppskyting skilde tredjesteget seg frå slik som det skulle; men det kveikte ikkje, slik at Pioneer 2 ikkje nådde månebanen som var meint. Sonden nådde ei størstehøgd på 1 550 kilometer før han gjekk inn att i jordatmosfæren over nordvestre Afrika.

Pioneer 1 returnerte noko data, mellom anna at regionen kring ekvator hadde meir innstrøyming av stråling og meir energisk stråling enn det som før var rekna med. Dessutan tyda dataa på at tettleiken av mikrometeorittar var større kring jorda enn i rommet utanfor.

Pioneer 2 var nesten identisk med Pioneer 1 og vog 39,2 kilogram, der 15,6 kg av dette kom frå dei vitskaplege instrumenta.

Kjelder endre