Pioneer Saws Ltd var eit kanadisk føretak som produserte motorsager. Føretaket oppstod då Industriel Engineering Limited (IEL) i 1958 vart kjøpt av Outboard Marine Corporation (OMC), som flytta produksjonen av motorsager frå Vancouver til Toronto. Det tidlegare IEL vart då eit dotterselskap under OMC, og namnet vart endra til «Pioneer Saws Ltd»[1].

I 1977 la OMC ned produksjonen av motorsager, for å konsentrera seg om å produsera påhengsmotorar. Ei samanslutning av tidlegare tilsette ved motorsagfabrikken stifta då Pioneer Chainsaw Cooperation, for å halda fram med produksjonen av motorsager under merkenamnet «Pioner». I 1978 starta dei opp att, men føretaket hadde dårleg økonomi, og i 1983 vart det seld til det svenske føretaket Electrolux.

Referansar endre

  1. Lee, D., Chainsaws: A history, Harbour Publ., 2006.