Industriel Engineering Limited

Industriel Engineering Limited (IEL) var eit føretak i Vancouver i Canada som produserte motorsager. Føretaket vart stifta i 1943, då ei samanslutning av forretningsfolk i Vancouver kjøpte motorsagavdeling til Reed-Prentice og endra namnet til «Industriel Engineering Limited» [1].

IEL heldt fram med produksjonen av modellane K Timberhogg og K 5000, som Reed-Prentice hadde produsert. Timberhogg vart òg importert til Noreg og i 1946 var denne tomannssaga med i samanliknande testar utført av Landbruksdepartementet, Det norske skogforsøksvesen, Skogbrukets rasjonaliseringskomité og fleire store skogeigarar [2]. I 1944 tok IEL til å produsera modell L, som hadde ein masse på 53 kg, og modell F, som var på berre 39 kg. Begge desse sagene var tomannssager.

I 1946 tok IEL til å produsera ei einmannssag, kalla Beaver, på 15,8 kg. Saga hadde fløttørforgassar, som kunne roterast slik at ho skulle kunne nyttast både for felling og kapping. Beaver var ei av verdas fyrste einmannssager og på trass av ein noko svak motor gjekk salet bra[1]. Beaver vart òg importert til Noreg, der ho var med i dei samanliknande testane[2]. For å få fart på hogsten etter 2. verdskrig sendte Statens tømmerutval ei tilråing til Landbruksdepartementet om å importera 1000 einmannsmotorsager. Etter mykje om og men løyvde Stortinget kr 1.800.000 til å kjøpa dei 1000 motorsagene og det var kjøpt 800 PM Universal og 200 IEL Beaver[2].

I 1948 kom det ei ny einmannssag, kalla AB Pioner, på 13 kg. Seinare kom det fleire modellar kalla Pioner. På trass av at salet av einmannssager gjekk bra helt IEL fram med å produsera store tomannssager, som dei selde til den nord-amerikanske vestkysten.

I 1956 kjøpte Outboard Marine Corporation IEL og i 1958 vart produksjonen flytta til Peterborough i Ontario, der Outboard Marine produserte Johnson og Evinrude påhengsmotorar og grasklypparar. Motorsagene vart selde under merkenamnet «Pioner».

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 Lee, D., Chainsaws: A history, Harbour Publ., 2006.
  2. 2,0 2,1 2,2 Vevstad, A., Motorsaga - fra tømmerfellingsmaskin til håndredskap, i (red.) Fossum, T., Årbok for Norsk skogbruksmuseum nr 9, 1978 - 1981, Norsk skogbruksmuseum, 1981.