Piratforlaget

Piratforlaget er det norske systerforlaget til svenske Piratförlaget, som vart starta opp i 1999 av Jan Guillou, Liza Marklund og bokforleggaren Ann-Marie Skarp. Føremålet med verksemda er å gje forfattarane større innflytnad over bokdistribusjonen, og meir pengar for bøkene. I staden for vanleg "royalty-lønningar", betalar forlaget forfattarane halvparten av alle inntektene etter at utgifter er trukne frå.

Det norske Piratforlaget vart tufta 30. august, 2004, og er eit aksjeselskap der det svenske Piratförlaget eig 40 % av aksjane (pr. 2005). Forleggaren i Noreg er Tine Kjær.

BakgrunnsstoffEndra