Pitești
Pitești (/pi'teʃtʲ/) er ein by i Romania som ligg ved elva Argeș. Han er hovudstad og største by i Argeș fylke, og eit viktig handels- og industrisenter, i tillegg til at han har to universitet. Han ligg ved motorveg A1 som går direkte til hovudstaden București og er eit viktig jernbaneknutepunkt med ein rangerstasjon i den nærliggande Bălilești. I byen ligg oljeraffineri Arpechim og eit marknadsføringsenter for bilindustrien, særleg for bilen Dacia.
Pitești | |||
---|---|---|---|
St. Georg-kyrkja i Pitești | |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Romania | ||
Fylke | Argeș | ||
Borgarmeister | Tudor Pendiuc | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
40,7 km² | ||
Innbyggjarar[1] - Totalt (2021) - folketettleik |
141 275 3 471,1 /km² | ||
Koordinatar | 44°51′38″N 24°52′4″E / 44.86056°N 24.86778°E | ||
Tidssone - Ved sommartid |
EET (UTC+2) EEST (UTC+3) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 110xxx | ||
Retningsnummer (tlf) | +40 02 48 | ||
Bilnummer | AG | ||
Nettstad: www.primariapitesti.ro |
Området har vore busett sidan førhistorien, men byen vart først nemnd på 1300-talet. Han utvikla seg til ein handelsby nord i Valakia og var ein uformell residens for forskjellige herskarar i Valakia fram til 1700-talet. Frå 1800-talet og fram til mellomkrigstida var han eit viktig politisk senter for Det nasjonale liberale partiet og residens for politikarane i Brătianu-familien. Dei første åra under kommunistregimet var det mykje politisk undertrykking i byen og i Pitești fengsel vart det utført hjernevaskingseksperiment.
Busetnader
endrePitești er ein municipiu (større bykommune) med den eine busetnaden:
Busetnad | Folketal 2011[2] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|
Pitești | 155 383 | 141 275 |
Storbyområde
endreDet blir arbeidd med å etablere eit storbyområde som er tenkt å omfatte Pitești, bykommunen Ștefănești (oraș) og dei sju mindre kommunane (comună) Albota, Băbana, Bascov, Budeasa, Mărăcineni, Micești og Moșoaia.[3]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger delvis på «Pitești» frå Wikipedia på engelsk, den 9. juli 2008.
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 «Populația rezidentă (Sexe, Județe, Municipii, orașe și comune*, Sate*) (Busett befolkning (kjønn, fylke, municipiu, oraș og comună, landsby))». Institutul Național de Statistică (Det nasjonale instituttet for statistikk). 1. desember 2021. Henta 20. september 2023.
- ↑ «Populatia stabila (rezidenta) pe judete, categorii de localitati, municipii, orase, comune si localitati componente (Stabil befolkning (busett) etter fylke, lokalitetskategoriar, municipiu, oraș, comună og komponentlokalitetar)». Institutul Național de Statistică (Det nasjonale instituttet for statistikk). 31. oktober 2011. Henta 15. april 2022.
- ↑ «Noi clarificări de la autorități despre cele 22 de zone metropolitane din România (Nye avklaringar frå styresmaktene om dei 22 storbyområda i Romania)». Libertatea. 22. mai 2020. Henta 28. oktober 2022.
Bakgrunnsstoff
endre- Kommunen si heimeside
- Pitești fengsel Arkivert 2005-12-23 ved Wayback Machine.