Pithiviers

Pithiviers er ein by og kommune sentralt i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Loiret i regionen Centre og har om lag 9 000 innbyggjarar.

Pithiviers
by
Pithiviers place du Martroi 2.jpg
Land Flag of France.svg Frankrike
Region Centre
Fylke Loiret
Høgd 120 m
Areal 6,94 km²
Folketal 9 242 (1999)
Folketettleik 1 332 / km²
Tidssone CET (UTC+1)
Postnummer 45300
Map
Pithiviers
48°10′19″ N 2°15′7″ E
Wikimedia Commons: Pithiviers
Nettstad: www.ville-pithiviers.fr

Tidlуg under den andre verdskrigen oppretta franskmenna ein fangeleir her med tanke på eventuelle tyske krigsfangar. Etter det franske nederlaget i 1940 omgjorde Vichy-regimet leiren til ein transittleir. Frå denne leiren og ein annan leir i Beaune-la-Rolande vart om lag 18 000 franske jødar deportert til Auschwitz. Frå oktober 1943 vart leiren til ein konsentrasjonsleir for politiske fangar.