Høyr pizzicato (detaljar)

Pizzicato er ein spelemåte på strykeinstrument der ein klimprar eller knipsar på strengene i staden for å dra bogen over dei.

PizzicatotyparEndra

Vanleg pizzicatoEndra

Ved vanleg høgrehandspizzicato løftar ein strengen med éin finger og slepp han att. (Ein løftar ikkje strengen så høgt at han slår mot gripebrettet.) Ved raskt pizzicatospel brukar ein gjerne to eller tre fingrar vekselvis. Ein særleg rask pizzicatotype er veksling mellom vanleg pizzicato (høgrehandspizzicato) og venstrehandspizzicato.

VenstrehandspizzicatoEndra

Venstrehandspizzicato er særleg bruka i virtuos fiolinmusikk og i norsk folkemusikkhardingfele.

Bartók-pizzicatoEndra

Ved Bartók-pizzicato klyp ein strengen mellom to fingrar, løftar han opp og slepp han slik at strengen slår mot gripebrettet.