Pladda (skotsk-gælisk Pladaigh) er ei øy utanfor vestkysten av Skottland. Det står eit fyr på øya med same namn.

Pladda
Pladda fyr

Pladda ligg sør for Arran i Firth of Clyde. Ho er lita og flat og forma som ei tåre. Ho er mindre enn ein kilometer lang og det høgaste punktet på øya er 27 meter over havet. Sjølv om ho er lita ligg det ei ferskvasskjelde på øya.

Fyret endre

Pladda fyr vart bygd i 1790 og teikna av Thomas Smith. Det var det første fyret i Firth of Clyde for Commissioners of the Northern Lights. Fyret vart automatisert i 1990.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

55°25′33″N 5°07′10″W / 55.42596°N 5.11945°W / 55.42596; -5.11945