Platåberget er eit fjell ved LongyearbyenSvalbard. Platåberget ligg ovanfor flyplassen og Gruve 3, og avgrensa i austleg retning av Blomsterdalen og mot vest av Bjørndalen. Mot sør strekkjer platået seg mot foten av Nordenskiöldfjellet. Platåberget er dominert av nesten vegetasjonslaus blokkmark med innslag av parti med lav- og mosedominert vegetasjon.

Platåberget og Adventdalen.
Foto: Meteorologisk Institutt

Svalbard satellittstasjon har sidan 1999 drive ein satellittstasjon på Platåberget. Antennene til satellittstasjonen er ikkje synleg frå Longyearbyen eller flyplassområdet, men frå mellom anna Hiorthamna. Før bygginga av stasjonen tok til vart det søkt etter kulturminner, men det vart ikkje påvist nokon.

Om vinteren er det fleire alternative scooter-traséer som gjer det mogeleg å kome opp på platået og om sommaren går det turløyper opp til Platåberget.

Svalbard Samfunnsdrift har gjort vurderingar knytt til opprettinga av vindkraftpark i Longyearbyen. Basert på vinddata frå mellom anna flyplassen vart Adventdalen og Platåberget vurdert som stadane med dei beste vindtilhøva i nærleiken av Longyearbyen. Adventdalen vart raskt vurdert som uaktuell ut frå visuelle forhold, medan Platåberget vart vurdert nærare, mellom anna gjennom vindmålingar. I ein rapport frå 12. mai 2004 viser analysane at den venta middelvinden på Platåberget er 5,8 m/s i 40 meters høgd, noko som er vurdert som lovande.

Kjelder endre