Plateliaisjøen er den største innsjøen i Samogitia og den niande største i Litauen. Han er ein sentral attraksjon i Žemaitija nasjonalpark. Han har eit areal på 12 km² og er 47 meter på det djupaste. Det er sju øyar i innsjøen og på ei av dei ligg dei ei borg. Arkeologar har funne spor etter to borger til og meiner det kan ha vore dronning Bona sine.[1] Innsjøen har både ein segle- og ein dykkeklubb. Plateliai er ein liten landsby som ligg på vestsida av innsjøen.

Plateliaisjøen
innsjø
Land  Litauen
Areal 12 km²
Største djupn 47 m
Øyar 7
Byar Plateliai
Kart
Plateliaisjøen
56°02′50″N 21°52′23″E / 56.047222222222°N 21.873055555556°E / 56.047222222222; 21.873055555556
Wikimedia Commons: Plateliai Lake

Det vert òg gjort undervassarkeologi i innsjøen. Forskarar meiner at vasstanden var mykje lågare i innsjøen tidlegare og at mange øyar i dag er under vatn. I Plokštinėskogen, ikkje langt frå innsjøen, ligg restane av ein gamal sovjetisk oppskytingsbase for atomrakettar.

Bakgrunnsstoff endre

Fotnotar endre

  1. Archeologai ieškos nuskendusių salų, ELTA, 2. juli 2005. Delfi.lt. Vitja 19 august. 2006.

Kjelder endre